Avduking nye informasjonsskilt

Moderne og publikumsvennlege skilt skal gi besøkande som kjem langs vegen, lyst til å oppleva meir av Buskerud. I går var det avduking ved Hallingporten.

I løpet av mai er 14 nye informasjonsskilt plassert sentralt ved dei viktigaste innfartsvegane til Buskerud.

Både ordførarar og representantar for reiselivet i Hallingdal var i går representert då fylkesordførar Roger Ryberg avduka skiltet, som står ved Hallingporten. Ynskje er å legge til rette for god informasjon til turistar og andre vegfarande i Buskerud. Buskerud har vore det einaste fylket i landet som ikkje har hatt velkomst- og informasjonstavler.

Ved utforming av dei nye skilta er det m.a. lagt vekt på moderne design og bildebruk som syner mangfaldet i opplevingar. Tekstene er minimal med peiking til dei 8 destinasjonane i fylke, for meir informasjon. I tillegg er det oppretta ein nettstad, www.visitbuskerud.no,  som har linkar til destinasjonane og anna relevant stoff for turistar/besøkande.
5 av dei nye informasjonsskilta er plassert på hovudvegar til Hallingdal:
• Rv7, Hallingporten og Halne
• Rv52, Bjøberg
• Fv51, Golsfjellet
• Fv50, aust for Geiteryggtunellen

Publisert: 26.05.2010
Sist endra: 26.05.2010
Oppretta av: Knut Arne Gurigard

    • 3570Ål    • Tlf:32 08 51 40    • epost:regionraadet@hallingnett.no     • Nettansvarleg: Målfrid Dusegard