KLART FOR SOKNA-ØRGENVIKA
Sokna-Ørgenvika er no nærare realisering enn nokon gong med planlagt byggestart innan 3 år. Dette er den gledelegaste meldinga for Hallingdal, i regjeringas framlegg til Nasjonal transportplan (NTP) for perioden 2010 til 2019. Når det gjeld Ringeriksbanen ligg det ikkje inne med midlar i fyrste del av planperioden, men regjeringa foreslår at det blir sett av ca. 600 millionar kroner i andre del av planperioden.