
Rein Sander Ibson Lilleaas (t.v.), Karoline Wøllo, Anja Rodegaard og Eirik Thoen har spelt inn flmspot for Trafkktryggleik Hallingdal. Dermed er dei også dei første som tar utfordringa i annonsen ”Er du med oss?”
Trafikktryggleik Hallingdal har synt seg som eit svært vellykka prosjekt. Siste tida har det vanka lovord både frå samferdselsminister og justisminister, i tillegg er det sikra finansiering, slik at prosjektet kan halde fram i to nye år.
Trafikktryggleik Hallingdal held fram
Prosjektet Trafikktryggleik Hallingdal starta i januar 2007, med ein planlagt prosjektperiode på 3 år. Frå februar 2007 har prosjektet hatt fast tilsett prosjektleiar.
Prosjektet er utan tvil eit vellykka tiltak, der det kan sjå ut som om nokre føresetnadar har vore med å gje prosjektet både forankring og svært positive resultat, som t.d.:
• Lokalt initiert prosjekt som har skapt engasjement
• God lokal forankring
• ”Alle” aktørane er med (Svv, TT, UP, lokalt politi, forsikring, regionen/kommunane, fylkeskommunen). Ingen ”profesjonskamp”.
• Svært godt samarbeid med media (lokalt)
• Ubyråkratisk, handlekraftig styringsgruppe
• Klart definert prosjekt, Rv7 og Rv52
• Grundig analyse av ulykker i framkant med målretta aktivitetar
• Auka kontrollverksemd, haldningsskapande arbeid mot utvalte målgrupper
Når Regionrådet starta eit eige samarbeidsprosjekt for å setja trafikktryggleik i Hallingdal på dagsorden, var dette fyrst og fremst ut frå ei erkjenning om at det var altfor mange og alvorlege ulykker, spesielt på Rv7 og Rv52. Prosjektet Trafikktryggleik Hallingdal har hatt særleg fokus på desse to vegane i Hallingdal. Men prosjektet har også hatt som målsetting å stimulere trafikktryggleiken i alle kommunane i Hallingdal.
Statistikken i Hallingdal har vore skremmande med 14 drepne og hardt skadde i snitt pr. år frå 1991 – 2006, på Rv7/Rv52 i Hallingdal, ein vekstrekning som er 22 mil!! Utan tvil ein av dei verste vegstrekningane i Norge.
Målsettinga for Trafikktryggleik Hallingdal var svært ambisiøs; I løpet av tre år halvere talet på ulykker med drepne og hardt skadde. Med ei slik målsetting ville me nærme oss nivået på drepne og hardt skadde på tilsvarande vegar.
Trafikktryggleik Hallingdal har etter 2,5 år oppsiktsvekkjande resultat. Der snitt på drepne og hardt skadde no er 3 pr. år .
I tillegg til konkrete målbare tal har utan tvil Trafikktryggleik Hallingdal vore ein sterk bidragsytar i forhold til haldningsskapande arbeid relatert til konkrete målgrupper. Prosjektet har òg vore ein indirekte bidragsytar for auka kontrollverksemd og gjennomføring av konkrete vegtiltak. Med prosjektet som pådrivar vil også alle kommunane i Hallingdal om kort tid ha sine trafikktryggleiksplanar. Det kan og vera verdt å nemne at av 12 lærarar som skal vera ambassadørar for Trygg Trafikk komande skuleår, har Hallingdal fått 2.
Ut frå svært mange positive signal har Regionrådet for Hallingdal vedteke å vidareføre prosjektet i to nye år. Finansieringa er sikra ved bruk av lokale midlar, det blir nytta midlar frå Partnarskapsavtala med Buskerud fylkeskommune, hovudutval for samferdsel i fylkeskommunen har løyvd kr. 300.000/ FTU og Statens vegvesen bidreg m.a. med kontorlokale.
Når det gjeld finansiering av konkrete tiltak er det stor tru på at dette vil la seg finansiere med ulike aktørar, som det har vore gjort fram til no. Det er også gjeve eit tilskot frå Samferdselsdepartementet til nærare definerte tiltak med kr.300.000