Nyheitsarkiv

  • [04.01.2012] REKRUTTERING TIL HALLINGDAL

     

    Regionrådet for Hallingdal og Hallingdal næringshage AS har utvikla ein database med personar som på eit eller anna tidspunkt kan tenke seg ein arbeidsplass i Hallingdal.
    Det er no registrert nærare 300 personar i rekrutteringsbasen. Har du lyst til å flytte til Hallingdal, no eller seinare? Vil du bidra med dine erfaringar og kunnskapar? Gjer din CV tilgjengeleg for arbeidslivet i Hallingdal, ved å registrere deg i databasen.
    Gå til: www.ressurspersoner.no

    REKRUTTERING TIL HALLINGDAL
  • [07.11.2011] Meltveit Kleppa opna ny parsell Rv7


    F.v. Regionvegsjef Kjell Inge Davik, ordførar i Ringerike, Kjell B. Hansen, samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa, vegdirektør Terje Moe Gustavsen

    Ramsrud-Kjeldsbergsvingane er historie. Måndag ettermiddag klipte samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa snora. Med dette ser me starten på ein ny Rv7, som livsnerve for Hallingdal og ein av dei desidert viktigaste vegane mellom Austlandet og Vestlandet.

    Meltveit Kleppa opna ny parsell Rv7
  • [17.10.2011] STATSRÅD BREKK I HALLINGDAL

    Statsråd Brekk og ordførar Buøen følgjer med
    Statsråd Brekk og ordførar Buøen følgjer med

    Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk var i dag på Flå. Her fekk han orientering om planlagt rovdyrsenter tilknytt Bjørneparken og Norges Jeger- og Fiskerforbund sitt jakt- og fiskesenter, som er under oppføring i Flå.

    Jakt- og Fiskesenteret kan du lesa meir om her
    Brosjyre for rovdyrsenteret kan du laste ned her

    STATSRÅD BREKK I HALLINGDAL
  • [26.08.2011] 3 MILLIONAR STATLEGE BULYSTMIDLAR TIL HALLINGDAL

     

    Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete møtte i dag m.a. Regionrådet for Hallingdal og rådmannsutvalet i Hallingdal, der statsråden kunne koma med ei gladmelding om at Hallingdal får 3 millionar kroner til bulystsatsing.

    3 MILLIONAR STATLEGE BULYSTMIDLAR TIL HALLINGDAL
  • [27.01.2011] STILLING LEDIG

    Felles prosjektleder for vannområdene  Hallingdal og Valdres

    I Hallingdal og Valdres skal settes i gang arbeid iht. vannforskriften, for vannområdene Hallingdal og Valdres. Vannområde Hallingdal omfatter de 6 kommunen i Hallingdal og Krødsherad kommune. Vannområde Valdres omfatter de 6 kommunene i Valdres og Ringerike.

    I forbindelse med forvaltningsplanarbeidet skal det nå ansettes prosjektleder der det er ønskelig med felles prosjektleder for de to vannområdene.
    Prosjektlederen er administrativt ansvarlig for gjennomføring av prosjektene og skal ivareta faglig kvalitet, økonomistyring, framdrift og informasjon.
    Prosjektene ledes av en styringsgruppe og prosjektlederen er sekretær for styringsgruppene. 

    STILLING LEDIG
  • [10.01.2011] FJELLMATKONFERANSEN - MELD DEG PÅ NÅ!

    Norsk Fjellmatsenter arrangerer i samarbeid med Fjellregionsamarbeidet ein konferanse med tema Norsk Fjellmat 7.-8. februar på Geilo. Konferansen er retta mot både matprodusentar og reiseliv i fjellområda. I løpet av konferansedagane blir det presentasjon av gode døme, erfaringsdeling og tid til diskusjonar.

    FJELLMATKONFERANSEN - MELD DEG PÅ NÅ!
  • [04.11.2010] Lys i alle glas

     

     Informasjonsmøter om eierskifte.

     Sole Hotel på Noresund
     12. november kl 09:30 – 16:00
     Lampeland Hotel 19. november kl 09:30-16:00.
     Du velger selv hvor du vil delta.

    Møtet retter seg mot alle som vurderer å overdra eiendommen sin, stor eller liten, til nye krefter. Målet er å gi deltagerne innføring i spørsmål og utfordringer som oppstår i forbindelse med eierskifte. 

    Faglig ansvarlig er: Hallingdal Økonomiservice AS v/ Steingrim Roen. 

    Påmelding og spørsmål kan rettes til: Elin Halland Simensen – prosjektleder, tlf 995 94 922. E-post: elin@lysialleglas.no

    Arrangør: Lys i Alle glas  Invitasjon

     

  • [11.06.2010] ANLEGGSSTART SOKNA – ØRGENVIKA, 2011

    I statsråd i dag kom ei skikkeleg gladmelding til Hallingdal.
    "I samsvar med lokale vedtak legg Samferdselsdepartementet opp til ei forsering av prosjektet, med anleggsstart hausten 2011 og opning hausten 2014 ."
    Dette er gjort mogeleg ved at Buskerud fylkeskommune har vedteke å stille garanti, slik at Hallingporten Vegfinans AS kan ta opp lån for inntil 1.500 millionar kroner (total anleggskostnad). Formelt skal Stortinget handsame stortingsproposisjon om finansiering og utbygging av Sokna – Ørgenvika, men dette vil vera ein rein formalitet.
    Etter fleire tiårs kamp blir endeleg det mest lønsamme vegprosjektet i landet realisert. Prosjektet vil korte ned avstanden mellom Hønefoss/Oslo – Hallingdal/Vestlandet med ca. 20 km. Eit svært positivt prosjekt for Hallingdal sine innbyggjarar, for næringslivet, for aust – vest sambandet og i forhold til trafikktryggleik.

    Gratulere med dagen, og takk til alle som har gjort ein innsats for at Sokna – Ørgenvika no kan realiserast!


     

  • [03.06.2010] BUSSKORT FOR UNGDOM I HALLINGDAL

    Hallingdal ungdomsråd (bilde) etterlyser eit felles busskort for ungdom som gjeld alle bussar som køyrer gjennom Hallingdal.

    Les om Regionrådet for Hallingdal si handsaming her. 

  • [26.05.2010] Avduking nye informasjonsskilt

    Moderne og publikumsvennlege skilt skal gi besøkande som kjem langs vegen, lyst til å oppleva meir av Buskerud. I går var det avduking ved Hallingporten.

    I løpet av mai er 14 nye informasjonsskilt plassert sentralt ved dei viktigaste innfartsvegane til Buskerud.

    Både ordførarar og representantar for reiselivet i Hallingdal var i går representert då fylkesordførar Roger Ryberg avduka skiltet, som står ved Hallingporten. Ynskje er å legge til rette for god informasjon til turistar og andre vegfarande i Buskerud. Buskerud har vore det einaste fylket i landet som ikkje har hatt velkomst- og informasjonstavler.

    Ved utforming av dei nye skilta er det m.a. lagt vekt på moderne design og bildebruk som syner mangfaldet i opplevingar. Tekstene er minimal med peiking til dei 8 destinasjonane i fylke, for meir informasjon. I tillegg er det oppretta ein nettstad, www.visitbuskerud.no,  som har linkar til destinasjonane og anna relevant stoff for turistar/besøkande.
    5 av dei nye informasjonsskilta er plassert på hovudvegar til Hallingdal:
    • Rv7, Hallingporten og Halne
    • Rv52, Bjøberg
    • Fv51, Golsfjellet
    • Fv50, aust for Geiteryggtunellen

  • [21.01.2010] YRKESMESSE 2010 FOR HALLINGDAL

    21.-22.januar 2010 på Storefjell Høyfjellshotell 

    Målet med yrkesmessa er å gje ei samla oversikt over utdannings-, fagopplærings- og yrkestilbod i Hallingdal, og til å informere og bevisstgjere elevane om dei val dei kan, eller må gjere i forhold til sine interesser og ynskjer.

     


    Yrkesmesse 2010 skal vere næringslivet/bedrifter/skuler sin presentasjon av sine yrker og utdanningar.  ”Bransjane” inviterast til å vise sitt mangfald, og i samarbeid med utdanningsinstitusjonar og enkeltbedrifter kan dei og vise utdanningsveg gjennom utdanning og lærlingordningar. 

    Torsdag 21.januar, kl. 18.00 – 20.00 er messa open for alle.
    Inngang messehallen
    .

    Programmet for yrkesmessa kan du sjå her

     

     

  • [18.09.2009] Vidareføring av Trafikktryggleik Hallingdal

     

     

     

     

     

     

     
     

    Rein Sander Ibson Lilleaas (t.v.), Karoline Wøllo, Anja Rodegaard og Eirik Thoen har spelt inn flmspot for Trafkktryggleik Hallingdal. Dermed er dei også dei første som tar utfordringa i annonsen ”Er du med oss?”

    Trafikktryggleik Hallingdal har synt seg som eit svært vellykka prosjekt. Siste tida har det vanka  lovord både frå samferdselsminister og justisminister, i tillegg er det sikra finansiering, slik at prosjektet kan halde fram i to nye år.

    Vidareføring av Trafikktryggleik Hallingdal
  • [13.03.2009] KLART FOR SOKNA-ØRGENVIKA

     

    Sokna-Ørgenvika er no nærare realisering enn nokon gong med planlagt byggestart innan 3 år. Dette er den gledelegaste meldinga for Hallingdal, i regjeringas framlegg til Nasjonal transportplan (NTP) for perioden 2010 til 2019. Når det gjeld Ringeriksbanen ligg det ikkje inne med midlar i fyrste del av planperioden, men regjeringa foreslår at det blir sett av ca. 600 millionar kroner i andre del av planperioden. 

     

  • [13.02.2009] Valhallklima

    Hallingskog, Viken Skog og Regionrådet for Hallingdal arrangerte synfaring på pelletsfabrikken i Kleivi, pelletsfyrt anlegg ved Ål ungdomsskule og temakveld om skog og trebruk i forhold til klima og energi.
    Korleis blir trepellets laga – blir det like varmt å fyre med pellets som med straum – kan det byggast CO2-nøytrale hus og hotell – er klimautfordringane berre tull - kan me dra fordel av å bli sett på som GRØNN region?

    I løpet av dagen var det ca. 250 stk. innom pelletsfabrikken og på temakvelden på Torpomoen var det ca. 70 tilhøyrarar. 

    Invitasjon

    Skog- og trebruk sine mogelegheiter i klimasamnheng
    Jon Olav Brunvatne, sekretær for Landbruk og matdepartenentet si klimamelding.

  • [19.11.2008] VELYKKA MØTE PÅ STORTINGET

    Interesseselskapet IS Rv7 og Forum Nye Bergensbanen arrangerte torsdag 13.11.2008 møte på Stortinget med tema Rv7 og Bergensbanen. Inviterte var Hordalandsbenken, Buskerudbenken og Transport- og kommunikasjonskomiteen.

     

    Les meir om møtet her

    Helge Otto Mathisen, konserndirektør i
    Color Line, heldt eit engasjert innlegg

  • [22.10.2008] KLIMA PÅ VIPPEPUNKTET

    Hallingdal får besøk av Tobias
    Thorleifsson 27. oktober. Klimaløftet tilbyr ungdomsskular og vidaregåande skular eit foredrag med Tobias Thorleifsson. Han deltok i den internasjonale Ellesmereekspedisjonen i vår. Med hundespann tilbakela ekspedisjonen 2200 km gjennom til dels svært vanskelege isforhold, i fotspora til polarhelten Otto Sverdrup.
    Erfaringane frå ekspedisjonen og opplevingar og kunnskap om klima og endring, blir formidla i ord, bilde og film gjennom foredraget Klima på vippepunktet.

    Foredragsturneen er som ein del av arbeidet med felles energi- og klimaplan for Hallingdal og Valdres.

     Les om programmet her

  • [16.10.2008] Riksveg 7, ein del av det framtidige riksvegnettet?

    Fylkestinget i Buskerud gjekk i dag samrøystes inn for at Rv 7 over Hardangervidda skal bli ein del av det framtidige riksvegnettet, som i dag er definert som stamvegnettet. Staten må ha ansvar for utbygging, drift og vedlikehald  av den viktigaste vegen mellom Oslo og Bergen, meiner fylkestinget. Dette er og eit viktig skritt for vidare utvikling av ein av dei viktigaste vegane mellom aust og vest, og er i tråd med Hallingtinget si uttale. Også Hordaland fylkeskommune har samrøystes uttala at Rv7 vest for Gol må bli ein del av det framtidige riksvegnettet.

     

    Eigen nettpresentasjon for Rv7 her. Dersom problem ta ei oppdatering.

    Eigen brosjyre Rv7 kan lastast ned her.

     

     

    Riksveg 7, ein del av det framtidige riksvegnettet?
  • [19.08.2008] Energi og klimaplan for Hallingdal og Valdres
     

    VELLYKKA OPPSTARTSEMINAR

    Hallingdal og Valdres hadde i går sitt fyrste fellesmøte
    i samband med felles energi- og klimaplan for dei to dalføra.
    Ca. 90 frammøtte fekk gode faglege innlegg som ein start
    på samarbeidet

    Framtida ei
    Framtida, ei utfordring for oss alle: Øystein Dahle
    gav forsamlinga eit tankevekkande innlegg. 

    Les meir her 

     

  • [18.08.2008] Energi og Klimaplan for Hallingdal og Valdres

     

    Prosjektet har idag 18.08.2008 oppstartseminar på Storefjell Høyfjellshotell.

    Dette er eit spennande samarbeidsprosjekt for våre to dalføre.
                   DEN GRØNNE REGION HALLINGDAL OG VALDRES

    Fleire av kommunane i Hallingdal og Valdres har tidlegare vurdert å setje igang klimaplanarbeid i sin kommune.  Renovasjonsselskap, nettselskap og kommunar har i dette arbeidet sett behovet for utvikling av samarbeid og felles prosess mot eit større geografisk område.  I tillegg til at det vil bli ein overordna plan, skal det sjølvsagt vurderast og prioriterast konkrete energi- og klimatiltak i kvar kommune, i dei to dalføra.

    Sjå program og invitasjon

  • [18.06.2008] STØTTE TIL LYS I ALLE GLAS

    Kommunal- og regionaldepartementet og Landsbruks- og matdepartementet støttar prosjektet  ”Lys i alle glas” med henholdsvis 800.000 og 200.000 kroner i 2008. Begge departementa signaliserar også støtte i 2009.

    Prosjektet omfattar dei 6 kommunane  i Hallingdal, i tillegg Numedal og Midtfylket.

    Lys i alle glas er eit prosjekt som skal bidra til at fråflytta bruk får fast busetting og at dei som flytter får seg arbeid i regionen, eller har med seg sin eigen arbeidsplass.
    Les pressemelding her:

    STØTTE TIL LYS I ALLE GLAS
  • [04.04.2008] NASJONAL TRANSPORTPLAN 2010-2019

     

    Hallingtinget vedtok på sitt møte
    2-3.april, samrøystes uttale til
    Nasjonal Transportplan 2010 - 2019.

     

    Uttala kan du lesa her:

     

     

     

  • [12.03.2008] NÆRINGSKOMITEEN I HALLINGDAL

    Næringskomiteen på Stortinget fekk oppleva ein region med tru på framtida då komiteen møtte næringsliv og politisk leiing i Hallingdal, måndag og tysdag.
    Komiteen fekk og nokre svært klare bodskap, der hjelp til betre samferdsel var eit hovudtema.

     

     

     

  • [17.12.2007] Ny heimeside

    Regionrådet for Hallingdal lanserar i dag ny heimeside. Dette skjer samstundes med at kommunane i Hallingdal lanserar sine nye heimesider. 

    Ny heimeside
  • [29.11.2007] Oddvar Grøthe ny rådsordførar

    På Regionrådsmøte den 09.11.2007 vart Oddvar Grøthe frå Hemsedal einstemmig valt til ny rådsordførar.
    Varaordførar: Torleif Dalseide



    Regionrådet for Hallingdal består i komande periode av:

    ordførar Oddvar Grøthe, Hemsedal 
    ordførar Torleif Dalseide,Ål
    ordførar Erik Kaupang, Hol
    ordførar Olaug Grønseth Granli, Gol
    ordførar Gerd Eli Berge, Nes
    ordførar Tor Egil Buøen, Flå

    • 3570Ål    • Tlf:32 08 51 40    • epost:regionraadet@hallingnett.no     • Nettansvarleg: Målfrid Dusegard