BERGENSBANEN er livsnerva som strekkjer seg frå
”hjarta til hjarta” til dei to største byane i Norge, Oslo og Bergen.
På turen mellom desse gjev banen også livskraft til byar, tettstader
og regionar mellom storbyane. I 1993 fekk banen sin interesse-
organisasjonn.
Forum Nye Bergensbanen (FNB). Forumet har som hovudoppgave å arbeide for utvikling og mgodernisering av
Bergensbanen og påvirke til at Ringeriksbanen som Stortinget vedtok i 1992 blir realisert. 

Fylkesvaraordførar i Hordaland Mona Haugland Hellesnes ny leiar i Forum Nye Bergensbanen

Nye politikarar i kommunar og fylkeskommunar gav denne gongen full utskifting i Arbeidsutvalet til forumet! Men det er langt frå politiske nybegynnarar som tek over styringa av forumet. Det er godt skodde politikarar med stort pågangsmot og stort engasjement!

Som nestleiar i forumet vart ordførar i Ringerike kommune Kjell B. Hansen valt. Vidare er ordførar i Voss kommune Hans Erik Ringkjob, byråd for byutvikling, klima og miljø Filip Rygg frå Bergen kommune og leiar for hovudvalet for samferdselssektoren og medlem av fylkesutvalet i Buskerud Trond Johansen medlemmer i arbeidsutvalet.

 

Omframt årsmøte:

Fullt trykk for Ringeriksbanen!

Årsmøtet i Forum Nye Bergensbanen var på møtet den 16. januar samstemt om at kravet om bygging av Ringeriksbanen må vidareførast og forsterkast!

Banestrekningen er rett og slett for viktig til å utsetjast lenger! Den vil redusere reisetida med tog mellom Oslo og Hønefoss frå ein og ein halv time til under ein halv time! Den vil knyte Ringeriksområdet til intercitynettet på austlandet! Den vil åleine redusere reisetida mellom Oslo og alle destinasjonane på Bergensbanen med ein time! Den vil gje mange hundre tusen nye jernbanepassasjerar! Den vil kunne vera fyrste del av ein føgfartsbane mellom Oslo og Bergen!

Nokon betre? Neppe!

Plan og utviklingsdirektør Lars Chr Stendal i Jernbaneverket sa det slik:

       "Ringeriksbanen er det beste jernbaneprosjektet i landet!" 

 

Rapport frå åtte jernbanefora:

Modernisert jernbane - på sporet av en vlllykket bo- og næringsutvikling i Norge

Samferdselsministeren sette i 2010 ned eit hurtigarbeidande utval samansett av leiarane i dei største jernbaneverksemdene i Norge. Mandatet var å kartlegge og foreslå tiltak for forbetring og vidare utvikling av norsk jernbane. Utvalet la fram rapporten sin den fyrste desember 2011. Rapporten fekk namnet Hovudutfordringar for norsk jernbane. Rapporten kan du lesa her

Som supplement til dette arbeidet har Forum Nye Bergensbanen i samarbeid med dei 7 andre jernbanefora i landet laga ein rapport ut frå i hovudsak det same mandatet, men sett frå vår ståstad.

Rapporten vart overlevert Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa fredag 28. oktober.

 Les meir om rapporten frå dei åtte jernbanefora her

Samandrag

Rapporten

 

Østlandssamarbeidet og Ringeriksbanen

Østlandssamarbeidet prioriterer Ringeriksbanen  i komane Nasjonal Transportplan!   

                                                 

I juni vedtok åtte østlandsfylker eit omfattande dokument som felles innspel til Nasjonal Transportplan.
Eit av prosjekta som desse åtte fylka har prioritert er Ringeriksbanen! Eit viktig steg framover for å knyte Ringerike tettare til hovudstadsområdet. Bygging av Ringeriksbanen vil kanskje vera det viktigaste enkeltprosjekt for vidareutvikling av Ringeriksområdet nokon gong, - og den vil åleine bety 1 time kortare køyretid med Bergensbanen….. Les meir
 

 

Buskerud fylkeskommune står på for Ringeriksbanen

Buskerud fylkeskommune er utolmodige og har engasjert seg sterkt for å finne nye finansieringsordningar og organisasjonsmodellar for å få realisert Ringeriksbanen! Fylkeskommunen har nyleg vore i Sverige på studietur og sett på Botniabanen.

 

Ein engasjert Buskeruddelegasjon var nyleg i Ørnskioldsvik for å sjå og lære. Les meir

 

Forum Nye Bergensbanen deltek i unikt samarbeid for å hjelpe Kleppa!

Forum Nye Bergensbanen og dei andre Jernbaneforaene i landet har saman satt i gang eit arbeid med å utarbeide ein eigen rapport om utfordringene på jernbaneområdet. Rapporten vil bli eit supplement til den rapporten ei arbeidsgruppe fra Samferdselsdepartementet skal presentere. I tillegg vil rapporten være et innspill til fylkeskommunene i deres arbeid med Nasjonal Transportplan 2014-2023. Les meir

 

Forum Nye Bergensbanen hjå Kleppa

 

 Måndag 31. januar var heile arbeidsutvalet til Forum Nye Bergensbanen i  Samferdselsdepartementet i møte med bl a Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa (t.v.). Vidare på bilete er fylkesordførar i Hordaland Torill Selsvold Nyborg, leiar i samferdselsutvalet i Buskerud fylkeskommune Nils Peter Undebakke, ordførar i Ål kommune og leiar i forumet Torleif Dalseide, ordførar i Voss kommune Gunn Berit Lunde Aarvik, politisk rådgjevar i Samferdselsdepartementet Sigrid Brattabø Handegard og byråd for byutvikling, klima og miljø i Bergen kommune Lisbeth Iversen.  Les Meir

SAMFUNNSANALYSE BERGENSBANEN

Transportøkonomisk institutt gir Forum Nye Bergensbanen full støtte i at reduksjon av køyretida til 4,5 timar mellom Oslo og Bergen vil gje stor trafikkvekst på Bergensbanen, og at fleire reisande vil gje synergiar og større aktivitet i medlemskommunane! Les meir 

 

 

ALTERNATIV

 Prosjektleiar:
 Jan Halvard Brekko
 tlf: 9504 9552

Aktuelt

EI SPENNANDE JERNBANEPERIODE ligg framfor oss. Alt den 25. januar kjem konklusjonen til Høgfartsutgreiinga. I februar legg Jernbaneverket fram sitt faglegs innspel til neste Nasjonal Transportplan og om ca eit år dvs rett etter me startar på nytt år i 2013 er det planen at Stortingsmeldinga om ny NTP skal leggast fram.

SLUTTRAPPORTEN FRÅ HØGFARTSUTGREIINGA KJEM 25. januar LES meir 

SLUTTRAPPORTEN/KONKLUSJONEN FRÅ HØGFARTSUTGREIINGA skal bygge på mange delutgreiingar. Viktige tema i desse delutgreiingane er bl a samfunnsøkonomi, driftsøkonomi, utbyggingskostnader og miljørekneskap. Ein av delrapportane er utgreiinga frå Sweco som har utgreidd høgfartsbane i 3 ulike trasear mellom Oslo og Bergen. LES SAMANDRAGET av denne rapporten.

HØGFARTSUTGREIINGA som er under arbeid er meir enn utgreiing av høgfartsbanar! Det er eit omfattande utgreiingsarbeid som skal stake ut kursen for framtida sin jernbane ....! På nettsida til jernbaneverket kan du lesa meir

Prosjektleiar Tom Stillesby besøkte medlemsmøtet på Geilo i slutten av oktober. Under MENYVAL og dokumenter/referat påvenstre side finn du presentasjonen som prosjektleiaren brukte!

 

 

 

    • 3570Ål    • Tlf:950 49 552 epost:regionraadet@hallingnett.no     • Nettansvarleg:  Jan Halvard Brekko