Organisering

 

Styringsgruppe
Styringsgruppa er prosjektets øvste organ med mandat frå Regionrådet og lensmannsetaten samt koordinator sin næraste overordna. Styringsgruppa si oppgave er mellom anna å vedta mål, handlingsplan og sikre rammene for den totale innsatsen innan førebygging av kriminalitet blant barn og unge.

Ordfører Tor Egil Buøen, Flå kommune, leder.
Ordfører Gerd Eli Berge, Nes kommune       

Lensmann Pål Kasper Mikkelrud, Ål lensmannskontor

Lensmann Bent Engebret Øye, Gol og Hemsedal lensmannskontor

Rådmann Lars Ole Skogen, Hol kommune

Navleder Bjørn Skjelseth, Gol Kommune

Forankring.
SLT er forankra gjennom vedtak i dei enkelte kommunestyrer, Regionrådet for Hallingdal og av Lensmennene i Hallingdal. Det ligg inne i dei kommunale planene som ein naturleg del under samarbeid i forhold til førebygjande arbeid blant barn og unge.
Det ligg og inne i budsjettet på same måte. Dette er viktig for å gje SLT-koordinatoren den nødvendige truverdigheit.  

Arbeidsgruppe. 

SLT–koordinatoren ser det ikkje som naudsynt med eigen arbeidsgruppe på det noværanda tidspunkt.

Dette fordi ein trur at nettverket som bygjast via dei tverrfaglege gruppene i  kommunene som no og fer ein representant frå Røde Kors og Nattevandrerne vil væra nok.  I tillegg kjem det allereie etablerte regionale møteforumet  MOT.

Det vil og kome Politiråd i alle kommuner, her vil det væra naturleg mellom anna at ein har SLT som bindeledd.

 

Publisert: 06.12.2007
Sist endra: 25.04.2008
Oppretta av: Målfrid Dusegard

    • 3570Ål    • Tlf:32 08 51 40    • epost:regionraadet@hallingnett.no     • Nettansvarleg: Målfrid Dusegard