Kommunane i Hallingdal og Valdres har gjenge saman om å utarbeide ein felles energi- og klimaplan for dei to dalføra – den grøne regionen.
I tillegg til at det vil bli ein overordna plan, skal det og prioriterast konkrete energi- og klimatiltak i kvar av dei 12 kommunane.
Hovudmålet for prosjektet er å bidra til at regionen tek sin del av nasjonale klimagassforpliktingar.
Planen skal fungere som ein reiskap som tek heilskaplege omsyn i saker som vedkjem energi-klima-og miljø i kommunane og for regionen. Planen skal vere forankra i overordna nasjonale og fylkeskommunale målsetjingar og skal vere integrert i eksisterande plan-og styringssystem i kommunane. Det skal leggjast vekt på å få ein plan som er akseptert og som blir brukt både av offentlege og private.