Historikk/Formål

HISTORIKK

Den formelle organiseringa av det interkommunale samarbeidet starta så tidleg som i 1952 gjennom etableringa av Samarbeidsnemnda for Hallingdal, som var ordførarane i dei 6 kommunane.

Frå 1967-1984 hadde Hallingdal i tillegg Regionalplanråd, som vart etablert som følgje av bygningslova frå 1965.

Hallingdal var den fyrste regionen i landet som fekk sin regionplan, som vart vedteken av Miljø¸verndepartementet i 1973.

Frå 1984 vart Regiomnplanrådet og Samarbeidsnemnda erstatta av eit regionråd med to representantar frå kvar kommune, der ein var ordføraren.

Dagens ordning kom i stand 1999.

 

FORMÅL

Regionrådet for Hallingdal skal vera eit samarbeids- og interesseorgan for dei deltakande kommunane.

  • Rådet skal arbeide for å utvikle regionen med særleg vekt på nokre prioriterte satsingsområde.
  • Rådet skal ta vare på interessene til regionen overfor fylke, stat og andre organ på region-, fylke- og riksplan.
Publisert: 05.12.2007
Sist endra: 04.02.2008
Oppretta av: Målfrid Dusegard

    • 3570Ål    • Tlf:32 08 51 40    • epost:regionraadet@hallingnett.no     • Nettansvarleg: Målfrid Dusegard