Næringsliv

REISELIV OG VAREHANDEL
Reiseliv og varehandel har hatt den sterkaste veksten i Hallingdal dei siste 25 åra. Desse sektorane har i dag om lag 25 % av sysselsetjinga. Annan næring har 36 % av sysselsetjinga, og offentleg sektor har 30 %. Landbruket har opplevd ei halvering dei siste 25 åra og utgjer no ca. 8 % av sysselsetjinga.Når det gjeld varehandelen utmerkar Gol seg med år etter år.  Å forsvara ein plass blant dei ti sterkaste kommunane i landet målt etter omsetning i varehandelen fordelt på innbyggartalet Reiselivet har me alt nemnt. Hemsedal ventar ein vekst i folketalet ca. 20 prosent dei neste åtte åra. Dette skuldast at utviklinga innan reiselivet gir gode moglegheiter for arbeid, samstundes som naturen gjer bygda attraktiv å bu i. Sjølv om turismen framleis er mykje sesongbasert, så har reiselivet i Hallingdal dei siste tiåra utvikla seg til å bli ei heilårsnÃæing. Dette har naturleg nok stor betydning for sysselsetjinga. I tillegg til arbeidsplassar knytt direkte til reiselivsbedriftene skaper denne næringa stor aktivitet innan, mellom anna, handverk- og entreprenørdrift.

LANDBRUK
Landbruket har den siste tida vore gjennom ei kraftig omstilling. Eitt av fire gardsbruk i Hallingdal har sett kroken på låvedøra dei siste ti åra. Nedgangen er størst i Flå og Gol. Jordbruksteljinga for 1999 syner at eitt av tre gardsbruk i Buskerud har lagt ned drifta sidan 1989. Det er dei minste bruka som forsvinn. Tendensen til større einingar gjer seg gjeldande i heile dalen. For sjølv om det tynnest i bonderekkjene, vert bruka stadig større. Særleg gardsbruk over 200 dekar aukar i talet. Dette heng saman med at bøndene som satsar vidare, leiger jorda til kollegaene som kastar inn handkledet. På grunn av denne auken i leige av jord, er det mindre endringar i det samla jordbruksarealet. Areal i drift auka med nesten ti prosent i Hallingdal den siste tiårs perioden.Det er vanskeleg å spå om framtida. Men den vanlege oppfatninga er at ein no tek til å sjå konturane av korleis landbruket i Hallingdal vil sjå ut i åra framover. Sjølv om det framleis vil koma endringar er det mange som meiner at dei største endringane no kan vere gjennomført.

 

INDUSTRI
Hallingdal blir ikkje assosiert med tung industri. Dalen kan imidlertid vise til ein lang industritradisjon. På Geilo har produksjon av verktøy lange tradisjonar. Industriområdet i Kleivi, på grensa mellom Ål og Hol, vart etablert på syttitalet og huser fleire industribedrifter. Både Åll og Gol har bedrifter innan mekanisk industri. På Nesbyen finn me DEFA som er den største industribedrifta i Hallingdal. I tillegg til viktig verdiskaping er industribedriftene i høg grad med på å gje Hallingdal eit variert arbeidsliv.

SYSSELSETJING
Hallingdal utgjer ein felles arbeidsmarknad. Til dømes pendlar 51 personar frå Gol til Hemsedal for å arbeide medan 60 pendlar motsett veg. Det er mest pendling til nabokommunar Om lag 800 personar pendlar ut frå Hallingdal. Anten til nabokommunar utanfor regionen eller til andre delar av landet. Dette talet er venta å auke med utbygginga av raskare persontrafikk på veg og bane og betre moglegheit for å arbeide heimanfrå ved hjelp av moderne IT løysingar.(dette kan nok slå begge vegar) Det er svært låg arbeidsløyse i Hallingdal. Dette skuldast i hovudsak veksten innan varehandel og turistnæring. Det blir no arbeidd med å betre kapasiteten innan tele- og datakommunikasjonen til dalen. Dette er heilt nødvendig i arbeidet med å utvikle fleire kunnskapsbaserte arbeidsplassar.

Publisert: 29.11.2007
Sist endra: 04.02.2008
Oppretta av: Målfrid Dusegard

    • 3570Ål    • Tlf:32 08 51 40    • epost:regionraadet@hallingnett.no     • Nettansvarleg: Målfrid Dusegard