LIVSKVALITET, INNBYGGJARUNDERSØKING

Regionrådet for Hallingdal vil bruke måling av livskvalitet som verktøy for regional utvikling.

Vel 4000 hallingar over 18 år vil 1. april (ikkje aprilspøk) få ein epost eller brev frå Statistisk sentralbyrå, der de blir oppmoda om å svara på ei undersøking om livskvalitet, koss har du det? Regionrådet og kvar enkelt kommune i Hallingdal ber alle som får tilsendt spørjeundersøkinga om å stille seg positive til å svara.

Kva er helse? Mange tenkjer at helse er fråvær av sjukdom. Og sjukdom veit vi mykje om
i dag, både korleis den skal førebyggjast og behandlast. Men dei fleste er einige om at helse
er noko meir enn fråvær av sjukdom, det er også avhengig av kva som gjev livet vårt verdi og
såleis gjev oss positivt innhald i kvardagen.

I mange land, også i Norge, har det vakse fram ei erkjenning om at me har for liten kunnskap
om kva som gjev liva våre verdi, om livskvaliteten for den einskilde. Koss har du det?
Kor tilfreds er du? Kva er det som gjev livsglede og oppleving av meining?

Det er no på nasjonalt nivå utarbeidd ei spørjeundersøking for å kartleggja livskvalitet i regi
av Helsedirektoratet, Folkehelseinstituttet og Statistisk sentralbyrå. Hallingdal vil vera ein pilot
og fyrst ute i Norge med å gjennomføre denne spørjeundersøkinga. 

Regionrådet ser dette som ein kjempesjanse til å få nødvendig kunnskap for å kunne gjera
dei gode grep for den framtidige utviklinga i Hallingdal. Vi ynskjer å utvikle ein region som
det skal vera godt å bu i, der kommunane på best mogeleg vis kan leggje til rette for gode liv.
Hallingdal har ved fleire høve synt seg å vera ein framoverlent region.
No vil me bli av dei  fyrste regionane som innfører livskvalitet som sentralt kunnskapsgrunnlag og styringsverktøy for samfunnsutviklinga.
Dette meiner me vil verta til glede for oss som bur her i dag, framtidige generasjonar, dei som gjestar oss og dei som får lyst til å flytte til ein region som satsar på trivsel.

Sjølve innbyggjarundersøkinga er ei webundersøking som blir utført av Statistisk sentralbyrå. Det er ei heller omfattande undersøking og det vil ta om lag 15 – 20 min. å svara. Men for Hallingdal kan svara vera gull verdt for framtida.

 

Lenke til eigen nettside Statistisk sentralbyrå

 

 

 

 

test