MØTE MED JAN TORE SANNER

Regionrådet for Hallingdal hadde fredag 24.02.17 møte med kommunal- og moderniseringsministeren.

Regionrådet for Hallingdal med Jan Tore SannerMålet med møtet var å fortelje korleis Hallingdal jobbar for å væra ein distriktsregion i vekst, også i framtida. Det vart eit konstruktivt møte med fokus på moglegheiter for vekst.

Hallingane må gjera mykje av jobben i utviklinga sjølv. Samtidig treng me hjelp på visse områder som samferdsel, utvikling av nye  arbeidsplassar for folk med høgare utdanning og sikring av dei statlege arbeidsplassane me allereie har. Regionrådet trekte og fram to konkrete tiltak;
-  Plan for bachelor utdanning i Hallingdal  innan "Guide og entreprenør i natur og kulturbasert reiseliv"
-  Hallingdal som aktuell lokalisering, dersom Språkrådet skal lokaliserast utanfor Oslo (Plan for lokalisering av statlege arbeidsplassar)
Uroa rundt gjennomføring av felles rettssenter for Hallingdal og grunnlaget for flytting av skattekontoret på Gol vart teke opp som tema. Kommunal- og moderniseringsdepartementet, som samordningsdepartement, vart utfordra på å vera med å rette opp i forhold som Hallingdal ser på som eit arbeidsuhell. 
Etter møte fekk Regionrådet for Hallingdal denne helsinga:

  
    
  
  
  
  
    
  
  
 
 
 


                       

test