REGIONREFORMA

Valdres og Hallingdal på lag i regionreforma og med innspel til ny regionalmelding.

Regionstyre i Valdres og Regionrådet for Hallingdal møttes på Storefjell den 29. juni, for å drøfte felles mogelegheiter i samband med den nye regionreforma.Politikarane drøfta ulike regioninndelingar, utan at det vart konkludert.
Valdres og Hallingdal har mange like mogelegheiter og utfordringar.  Politikarene er samstemte om å gje felles innspel inn mot ei ny regionreform.  Valdres og Hallingdal har klare foresetnadar for å vera sterke regionar i framtida, om det blir lagt til rette for ein differensisert regionalpolitikk.  Verken Valdres eller Hallingdal har byar som er naturlege motorar for vekst i regionane, og må bygge vidare på eigne fortrinn.

Valdres og Hallingdal er sterke reiselivsregionar med eit levande landbruk, der det er gode føresetnadar for vidare vekst, ved bevisst og målretta innsats. Regionane har ei geografisk plassering og naturgjevne fortrinn som gjer at dei er naturlege rekreasjonsområde for dei folketunge områda i landet.

Regionane ser det som avgjerande å utvikle eksisterande og nye næringar, der ungdom er ei viktig målgruppe. Det grøne skifteterviktig for Norge og våre regionar vil vera viktige bidragsytarar på t.d. bioøkonomi.

Regionstyre i Valdres og Regionrådet for Hallingdal er einige om å samarbeide for å påverke sentrale styresmakter i val av framtidige løysingar for regionane.

test