YRKESMESSA 2018

Yrkesmessa Hallingdal mot nye rekordar.  Den har vore  på Storefjell Høyfjellshotel 9-10.01.2018.

Yrkesmessa 2018Yrkesmessa har vore arrangert av Regionrådet sidan 2000.
I år var det 68 utstillarar.  Næringsliv, kommunar, utdanningsinstitusjonar og lærlingetilbydare. 1100 elever har vore innom i løpet av desse 2 dagane.  Tysdag tok og eindel foreldre turen opp for å sjå.

Svært mange gode stander denne gongen, med mykje aktivitet og dialog med elevane. Standen som favner fagområdet "Naturbruk" vant velfortjent prisen for beste stand. 

Juryens begrunnelse:
Naturbruk har vore på Yrkesmessa sidan starten i 2000. Dei har alltid gjennomtenkte og gode stander. Dei  er veldig aktive og dyktige til å engasjere elevane som kjem på messa. Dei utnytter arealet sitt godt og har med mykje spennande å vise fram. De formidlar faget sitt på ein strålande måte. 

 

test