BUSSKORT FOR UNGDOM I HALLINGDAL
Regionrådet for Hallingdal har drøfta saka og ser positivt på oppmodinga frå Hallingdal ungdomsråd (HUR). På grunn av eit lite utbygd kollektivtilbod i Hallingdal meiner Regionrådet at ungdomskortet også må gjelde for ekspressbussruter (eks. Sogn- og Fjordane-ekspressen gjennom Hemsedal/Hallingdal) og på NSB sine kommersielle fjernruter på Bergensbanen. Målsettinga er at alle kollektivtilbod i Hallingdal og til/frå Hallingdal kan takast inn i eit felles ungdomskort.
Regionrådet for Hallingdal vil ta opp problemstillingane med Buskerud fylkeskommune, med tanke på å få til ei utvida og betre ordning, med ungdomskort for ungdom i Hallingdal.
Sjølve saka er her.