VELLYKKA MØTE PÅ STORTINGET
Interesseselskapet IS Rv7 og Forum Nye Bergensbanen arrangerte torsdag 13.11 møte på Stortinget med tema Rv7 og Bergensbanen. Inviterte var Hordalandsbenken, Buskerudbenken og Transport- og kommunikasjonskomiteen. Det var og svært bra frammøte av ordførarar frå både Hardanger og Hallingdal, og sentrale næringslivsaktørar frå både Hordaland og Buskerud, totalt var forsamlinga på ca. 40 personar.
Helge Otto Mathisen, konserndirektør
i Color Line, heldt eit engasjert innlegg.
Hovudfokus var Nasjonal Transportplan 2010 – 2019 og problemstillingar og ufordringar i forhold til Rv7 og Bergensbanen, der det var fleire korte og poengterte innleiingar. Ut frå dette var det ein time til ordveksling.
Stortingsrepresentantane fekk eit godt innblikk i både prioriteringar og forventningar. Det vart ikkje gjeve nokon lovnadar, men møte var utan tvil eit positivt innslag. Ikkje minst for klargjering av problemstillingar i forhold til to av dei viktigaste samferdselsårene mellom Austlandet og Vestlandet, og livsnerve for store deler av Hardanger og Hallingdal.

Som avslutning på kvelden servert driftssjef på Bardøla, Terje Simonsen og hans folk, Hallingtapas i ulike variasjonar. Eit svært smakfullt og positivt innslag som garantert blir hugsa.
Magnar Lund Bergo prøvesmakar
Hallingtapas