Byregionprogrammet

Utviklingsprogrammet for byregionar er ei tilskotsordning i regi av Kommunal- og moderniseringsdepartementet, der Hallingdal er ein av regionane som er med. Programmet skal vera med å gje kunnskap om byen si rolle for regional utvikling, og om samspelet mellom byen og omlandet og kva det har å seie. I tillegg til målgruppa små og mellomstore byregionar, har programmet opna opp for at mindre stader kunne søke saman med omlandet sitt viss det har karakter av å vera eit regionsenter og /eller tilbyr tenester til omlandet som gir en bymessig status.

Hallingdal sitt prosjekt

Regionrådet for Hallingdal har hatt ansvaret for gjennomføring av fyrste fase av byregionprogrammet «Framtidstru og vekst i Hallingdal». Målet for fase 1 i prosjektet var fyrst og fremst å hente inn relevant informasjon og analysar som har overføringsverdi for arbeidet i fase 2. Det vart m.a. utarbeida ei eigen samfunnsanalyse for Hallingdal, «For egen maskin».

Hallingtinget og dei einskilde kommunane i Hallingdal har handsama sak om eventuell deltaking i fase 2, og har vore samstemte om å søkje om deltaking.

Formålet for fase 2 er at deltakarane skal koma fram til og setja i verk lokalt forankra strategiar og tiltak innanfor eit tema/samfunnsområde med utgangspunkt i det økonomiske samspelet mellom byen og omlandet for å fremje økonomisk vekst i regionen.

Regionrådet for Hallingdal utarbeida søknad og vart i juni 2015 tildelt ei ramme på kr. 2.680.000 frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) til utviklingsprogrammet for byregionar fase 2. Pressemelding frå KMD er her.

"For eigen maskin"

 

Hovudmålet med prosjektet for Hallingdal er å utvikle nye type arbeidsplassar, som er lønsame og attraktive for yngre menneske med høgare utfanning og fagutdanning.
Prosjektet har ei total ramme på 6,6 mill. kroner og skal vera avsluta i 2017.                                     

                                                                                                                                                                                                                                   

Prosjektplan

Prosjektplan kan hentast her.

test