Bakgrunn

Hallinghelse har sin bakgrunn i Samhandlingsreformen og er ei vidareføring av eit omfattande samhandlingsprosjekt i Hallingdal i perioden 2009 –2014. Prosjekt lokalmedisinske tenester i Hallingdal vart i hovudsak finansiert med statlege midlar og var eit samarbeid mellom dei seks Hallingdalskommunane og Vestre Viken HF. Sluttrapporten frå prosjektet finn du her.

Sluttrapporten vart handsama i alle kommunestyrer i Hallingdal hausten 2014 og det vart gjort likelydande vedtak basert på styringsgruppa sitt framlegg, som du kan sjå her. Hallinghelse starta opp sumaren 2015.

Det vart oppretta fylgjande stillingar:

  1. Samhandlingsleiar i fast ½ stilling.
  2. Folkehelsekoordinator i fast 1/2 stilling.
  3. Interkommunal koordinator for kompetanse, læring og meistring, prosjektstilling i  50 %.

Dei tre stillingane skal evaluerast etter 3 år, det vil seie i 2018. I tillegg til dei tre stillingane har helse- og omsorgsleiarforum i Hallingdal bestemt at ei fjerde stilling skal knytast opp mot Hallinghelse:

     4.Regionkontakt for Utviklingssenteret for sykehjem og hjemmetjeneste i Drammen 

Samtidig med vedtaket om Hallinghelse, oppretta også kommunane fleire interkommunales amarbeidsgrupper. Nokre av desse har også representantar frå Vestre Viken. Samarbeidsgruppene var:

-          Råd for kompetanse, læring og meistring.

Helse og omsorgsleiarforum bestemte seinare at dette rådet skulle delast. Råd for kompetanse held fram, medan ansvaret for læring og meistring vart lagt til samarbeidsgruppa for friskliv.

-          Folkehelsegruppe for Hallingdal
-          Interkommunalt demensteam
-          Samarbeidsforum for psykisk helse og rus.

 

HALLINGHELSE                                        

Torpomoen 27
3579  TORPO                                                                                                             FRI OG FRISK

                                                   

test