Innovativ rehabilitering

Prosjekt Innovativ rehabilitering i Hallingdal

Bakgrunnen for prosjektet er den statlege Opptrappingsplanen for habilitering og rehabilitering 2017-2019.
Til grunn for prosjektet ligg ei prosjektplan for eit treårig prosjekt.

Prosjektet skal bidra til å sette kommunane i Hallingdal i stand til å gje goderehabiliteringstenester til innbyggjarane sine og kunne overta fleirerehabiliteringsoppgåver frå spesialisthelsetenesta. Prosjektet skal styrke brukarperspektivet, kvaliteten i rehabiliteringstenestene og samhandlinga mellom kommunane og spesialisthelsetenesta.

Prosjektet skal styrke rehabiliteringa ved dei kommunale døgnplassane ved intermediæravdelinga ved Hallingdal sjukestugu (HSS), slik at kommunane i Hallingdal kan byggje opp ein felles fagleg sterk rehabiliteringseining. Samtidig vil ein styrke rehabiliteringsperspektivet i pasientforløpet heile vegen frå sjukehuset via HSS og kommunale omsorgstenester og vidare til pasienten sin heim. Prosjektet skal medverke til å bygge opp kompetanse innan rehabilitering ute i kommunane.

I 2017 har ein motteke prosjektstøtte frå Fylkesmannen med kr. 550.000,- i innovasjonsmidlar og kr. 790.000 i rehabiliteringsmidlar.

Prosjektet starta opp 1. oktober 2017.

Kontaktpersonar:
Prosjektleiar Ann Merete Brevik, epost: ann.merete.brevik@aal.kommune.no, mobil: 907 17 957
Prosjektmedarbeidar Leif Andre Viken, epost: LEIVIK@vestreviken.no mobil: 975 95 002

 

HALLINGHELSE                                        

Torpomoen 27
3579  TORPO                                                                                                             FRI OG FRISK

                                                   

test