Intermediær avdeling

Intermediær betyr midt i mellom. I denne samanheng midt i mellom kommunane og sjukehuset.

Intermediæravdelinga ved Hallingdal sjukestugu er det største interkommunale prosjektet i Hallingdal. Døgnavdelinga i nybygget vart teke i bruk september 2016. Avdelinga vert drifta av Ringerike sjukehus i eit spleiselag med kommunane. Det er 10 sjukehussenger og 10 interkommunale senger. Modellen er unik i landet.

Dei 10 interkommunale sengene er delvis berekna på akutte innleggingar i staden for innlegging på sjukehus, delvis etterbehandling etter sjukehusopphald og rehabilitering. Her vil ein ha ein godt fagleg tilbod for dei pasientane som treng meir kompetanse og/eller tettare oppfølgjing enn det kommunane sjølv kan greie og som heller ikkje har behov for sjukehusinnlegging.

Eit evalueringsarbeid etter eitt års drift pågår hausten 2017.

 

HALLINGHELSE                                        

Torpomoen 27
3579  TORPO                                                                                                             FRI OG FRISK

                                                   

test