MUNNBIND

Regionrådet for Hallingdal har bestilt 2000 munnbind til elevane på ungdoms- og vidaregåande skuler i Hallingdal

I helga kom det påbod om bruk av munnbind på bussen for alle elevar i vidaregåande skule i Hallingdal og tilråding om det same for alle ungdomsskuleelevar.

Det har kome spørsmål til fylket, som har ansvar for skuletransporten, frå både skular og elevar. Svaret der var at fylket ikkje skaffa munnbind. Så då tenkte me at det var eit fint høve for oss til å bidra til betre smittevern og å gjere noko for ungdommen, fortel Jan Olav Helling.

Munnbinda held høg kvalitet, med filter, og er vaskbare.

test