Læring og Mestring

 

 

Læring og meistring er eit målretta pedagogisk aktivitetstilbod for personar som har langvarige helseutfordringar og deira pårørande. Målet er at den enkelte tileignar seg kunnskap som kan bidra til styrka eigenmeistring og betre livskvalitet. Læring og meistring famnar breitt i helsetenestene og er aktuelt både som førebygging, støtte til endring av levevanar, og hindre utvikling av psykisk og fysisk sjukdom.

På nasjonalt nivå er det ein nasjonal kompetanseteneste for læring og mestring innan helse (NK LMH). NK LMH har ei sentral rolle i å bidra til at lærings- og mestringtenester i heile landet har god kvalitet og er kunnskapsbasert. Rådgjevar for læring og meistring i Hallingdal er representert inn i kommunikasjonsnettverket til NK LMH. Sjå mestring.no for meir informasjon om NK LMH.

Rådgjevarstillinga innan læring og meistring er ei interkommunal 60% fast stilling i Hallinghelse, med base på Torpomoen. Ansvarsområdene i stillinga er:

  • Koordinere og initiere samhandlingstiltak om læring og meistring i alle kommunane i Hallingdal
  • Gi veiledning til kommunane og vera ein pådrivar for interkommunale lærings- og meistringskurs. Bidra med eigen kompetanse ved å halde meistringskurs
  • Fremje fagleg kompetanseheving gjennom koordinering av interkommunale fagdagar/kurs/hospiteringar
  • Ta initiativ til prosjekt, søke og rapportere på prosjektmidlar innan læring og meistring
  • Ivareta ein sekretærfunksjon for Brukarrådet i Hallingdal
  • Fremje brukarmedvirkning
  • Samarbeide med spesialisthelsetenesta VVHF

KONTAKT:
Ragna Torkelsgard, rådgjevar læring og mestring
Tlf: 950 69 313  E-post: ragna.torkelsgard@hallingdal.no

 

HALLINGHELSE                                        

Torpomoen 27
3579  TORPO                                                                                                             FRI OG FRISK

                                                   

test