Mestringstreff

Hallingdal læring og mestringsbase tilbyr kurs for deg som har ein kvardag som er prega av helseutfordringar.

Å leva med helseutfordringar kan føre til store endringar i kvardagen.
Mestringstreff er for deg som ynskjer:

  • Å få kunnskap og prøve ut ulike mestringsverktøy.
  • Oppdage og utvikle tru på eigne ressursar.
  • Treffe og lære av andre som også lever med helseutfordringar.

Mestringstreff er for deg over 18 år som har kronisk sjukdom, nedsett funksjonsevne og/eller vedvarande psykiske eller fysiske belastningar.  Pårørande kan også delta.

Mestringstreff er utvikla og leiast av både helsepersonell og mennesker som sjølv lever med helseutfordringar.
Helsepersonall har fagleg kunnskap og oversikt over aktuelle hjelpetiltak
Brukarrepresentantar har kunnskap om det å leve med langvarige helseutfordringar og bidreg med eigen kunnskap og erfaring.

Mestringstreff består av seks samlingar med ulike tema:

  • Kva er mestring for deg?
  • Samanhengen mellom tankar, følelsar og eigne ressursar.
  • Mestringsstrategiar, mestringstru og eigne ressursar.
  • Motivasjon og mestring/endring.
  • Roller, relasjonar, nettverk og kommunikasjon.
  • Mogelegheitar framover.

Me jobbar med desse temaene på ulike måtar og du vil få mogelegheit til både å høyre, prate, reflektere og øve i gruppa.  Du vil få ei mappe der du kan samle materiell frå samlingane for seinare bruk.

Kva er viktig for deg for å håntere en kvardag med helseutfordringer?

Du treng ikkje henvisning for å delta på mestringstreff. 

KURS VÅR 2019
Oppstart: Tysdag 19.mars kl 11.30-14.30. Totalt 6 samlingar.
Stad: Hemsedal. Oppmøte Kommunehuset.
Påmelding: Fortløpande til u.t. Maks 10 deltakarar.
Brosjyre  Invitasjon

Målgruppe: Innbyggjarar i Hallingdal over 18 år som har kronisk sjukdom, nedsett funksjonsevne og/eller vedvarande psykiske eller fysiske belastingar.
Meld deg på direkte til Ragna Torkelssgard  Epost: Ragna.Torkelsgard@hallingdal.no  eller mobil: 047-95069313
Kurs blir arrangert ulike stader i Hallingdal.  Vi er behjelpelig med å finne transport. Velkommen på kurs!

HALLINGHELSE                                        

Torpomoen 27
3579  TORPO                                                                                                             FRI OG FRISK

                                                   

test