Trygg oppvekst/BTI

Kva er Trygg Oppvekst?

Trygg oppvekst er eit interkommunalt prosjekt i Hallingdal, der ein ynskjer å laga ein heilskapleg, tverrsektorell modell for arbeid med utsatte barn.  Prosjektet har starta med pilotar i Hemsedal og Ål kommune våren 2018.

Helse- og omsorgsleiarane i Hallingdal fungerar som styringsgruppe for prosjektet.  Barne.- ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) har gjeve tilskot til prosjketet.

Utvikling av tverrsektorielle modellar skal systematisere, forankre og samordne kommunen sitt arbeid med barn på tvers av tenester og nivå.  Gjennom ein heilskapeleg modell og konkrete verktøy for identifikasjon og oppfølging skal fleire barn få riktig, koordinert og langsiktig hjelp.

Samhandling til beste for det einskilde barn står i sentrum.  Modellen skal gi tilsette og leiarar gode verktøy i arbeidet og bidra til systematisk og langsiktig innsats for å betre barns oppvekst i kommunen.

Sjå Ål og Hemsedal sine heimesider for meir informasjon eller på https://www.bufdir.no/
Prosjektleiar er: Margunn Gullhagen

HALLINGHELSE                                        

Torpomoen 27
3579  TORPO                                                                                                             FRI OG FRISK

                                                   

test