Regionrådet
Regionrådet for Hallingdal er eit politisk samarbeidsorgan for dei 6 kommunane i Hallingdal
Ordførarane i Hallingdal utgjer Regionrådet, og desse er:
- Sigrid Simensen Ilsøy, Hol kommune
- Solveig Vestenfor, Ål kommune (leiar)
- Pål Rørby, Hemsedal kommune
- Heidi Granli, Gol kommune
- Anne Kari Eriksen, Nesbyen kommune
- Merete Gandrud, Flå kommune (nestleiar)
Fast tilsette i Regionrådet
- Jan Olav Helling, dagleg leiar
- Jorun Utne, regionalutviklar
- Anita Elén Smette, klimakoordinator
Den formelle organiseringa av det interkommunale samarbeidet starta så tidleg som i 1952 gjennom etableringa av Samarbeidsnemnda for Hallingdal, som var ordførarane i dei 6 kommunane. Frå 1967-1984 hadde Hallingdal i tillegg Regionalplanråd, som vart etablert som følgje av bygningslova frå 1965. Hallingdal var den fyrste regionen i landet som fekk sin regionplan, som vart vedteken av Miljø¸verndepartementet i 1973. Frå 1984 vart Regiomnplanrådet og Samarbeidsnemnda erstatta av eit regionråd med to representantar frå kvar kommune, der ein var ordføraren.Dagens ordning kom i stand 1999.
Regionrådet for Hallingdal er eit samarbeids- og interesseorgan for dei deltakande kommunane. Rådet arbeider for å utvikle regionen med særleg vekt på nokre prioriterte satsingsområde. Rådet varetek interessene til regionen overfor fylke, stat og andre organ på region-, fylke- og riksplan.