GODKJENNING AV NORSK REISELIVSFAGSKOLE

Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningen (NOKUT) har no gjeve tilsagn om akkreditering av fagskuleutdanningane Reiseliv og opplevelsesutvikling og Hotell- og restaurantdrift ved Fagskolen Tinius Olsen, avdeling Norsk Reiselivsfagskole på Geilo.

                                                                                                                                                                                                        

For begge fagskuleutdanningane som gjev 120 studiepoeng, blir det lagt til rette med både stadbasert og nettbaserte samlingar.

Oppstart skule vil bli i veke 2 i 2020.
Norsk Reiselivsfagskole tilbyr ei utdanning med stor vekt på praksis i reiselivsbedrift.

Det er framleis mogleg å søkje om studieplass til skulestart januar 2020.

I mange kommunar og regionar i Norge er reiselivsnæringa ei stor og viktig næring. Tradisjonelt har det vore eit problem å rekruttere lokal arbeidskraft til denne næringa. Det blir no skapt mange fleire heilårsarbeidsplassar og det er behov for auka kompetanse og fleire tilsette. Her vil Norsk Reiselivsfagskole vera eit viktig bidrag, som den fyrste i sitt slag, og er ei etablering i tråd med Reiselivsmeldinga «Opplev Norge – unikt og eventyrlig».

Regionrådet for Hallingdal og Buskerud fylkeskommune ved Fagskolen Tinius Olsen er svært godt nøgd med prosess fram til godkjenning av Norsk Reiselivsfagskole. Det gode samarbeidet med reiselivsnæringa har vore avgjerande, både i forhold til framdrift og innhald.

Regionrådet for Hallingdal                                                                                            Fagskolen Tinius Olsen
Prosjektansvarleg til etablering                                                                                     Tilbydar/ansvarleg drift av fagskula

test