HALLINGDAL, PILOT I NORGE FOR MÅLING AV LIVSKVALITET

Regionrådet for Hallingdal vil bruke måling av livskvalitet som verktøy for regional utvikling.

Regionrådet for  Hallingdal presentere sine mål og planar for måling av livskvalitet,  i samband medHelsedirektoratet og Folkehelseinstituttet si lansering 27.august, av tilrådingar for korleis livskvalitet skal målast i Norge. Målsettinga er at Hallingdal skal bli ein pilot i nasjonal samanheng, for måling av livskvalitet.

Livskvalitet omfattar både subjektive og objektive faktorar. Auka kunnskap om korleis innbyggjarane i Hallingdal faktisk har det, er viktig for å vidareutvikle folkehelsearbeidet, men vil og kunne bli ein viktig faktor for regional utvikling og omdømmebygging.I Strategisk plan for Hallingdal er eit av tiltaka Livskvalitet, «Det er folka som teller». Dette er ei interkommunal satsing som skal synleggjera og oppnå gevinstar for regionen, ved å
vektlegge livskvalitet for innbyggarar og besøkande. 

Prosjektet skal:
-          I samarbeid med nasjonale institusjonar gjennomføre ei befolkningsundersøking for livskvalitet, og lage ein plan  for oppfølging
           av livskvalitet  i Hallingdal.
-          I regi av Regionrådet etablere ein base for utviklingsarbeid og samordning av relevante ressursar for auka livskvalitet i Hallingdal.
-          Styrke Hallingdal sin regional utvikling, og omdømme som ein region som set folk fyrst.

Presentasjonen kan lastast ned her

test