HØYRING - UTBYGGING BREBAND

Kommunane i Hallingdal med koordinering frå Regionrådet for Hallingdal skal i 2017 søke om statlege midlar til vidare utbygging av fibernett i utvalte område. Dei som ynskjer å gje høyringsuttale er invitert til å gjera det innan 24.4.2017.

Kommunane i Hallingdal har gjennom satsinga til m.a. Hallingdal Kraftnett og Hemsedal Energi medverka til ei omfattande breibandutbygging i Hallingdal.

For 2017 er det aktuelt å søke om statleg finansiering for å etablere nye fiberforbindelsar til innbyggarar og næringsliv spreidd i heile Hallingdal, som ikkje har tilfredsstillande breibandtilknyting. Dette kan og gjelde område med eit eksisterande breibandtilbod, men der det er låg kapasitet. Det blir lagt vekt på lokal medfinansiering og kostnadseffektiv utbygging.

Regjeringa har gjeve Nasjonale kommunikasjonsmyndighet (Nkom) i oppgåve å administrere tilskots- ordninga for breibandutbygging. Kommunar og fylkeskommunar kan søkje Nkom om stønad. Eit av krava for ein slik søknad er at planen for utbygginga skal ligge ute til høyring, samt kunngjere dei geografiske områda  som utbygginga skal gjelde for. Eit anna krav er at det skal være mogleg, for alle partar i dei prioriterte områda, å gje innspel til kommunen som kan vere til nytte for søknaden eller prosjektet.

Det er valt ut følgjande aktuelle område i denne runden:

FLÅ

-          Seterstøkroken
-          Sørbygda
-          Kvie
-          Kolsrud
-          Stavn        

NES 

-          Svenkerud
-          Bromma

GOL

-          Rotnheim/Trillhus (Ål)
-          Liagardane
-          Øygardane inkl Robru

HEMSEDAL

-          Hjelmen

Ål

-          Sando
-          Nørdre Votndalen
-          Vats

HOL

-          Holet
-          Dagali
-          Hagafoss - Stensheim

 

Frist for innspel er 24.april  og innspela skal sendast på e-post til regionraadet@hallingdal.no og merkast "Høyring fiberutbygging". Eventuelle spørsmål kan rettes til kommunane sin samarbeidspart som er Regionrådet for Hallingdal, www.regionraadet.no, tlf. 32 08 51 40.

test