HØYRING -UTBYGGING BREIBAND

Kommunane i Hallingdal med koordinering frå Regionrådet for Hallingdal skal i 2018 søke om statlege midlar til vidare utbygging av fibernett i utvalte område. Dei som ynskjer å gje høyringsuttale er invitert til å gjera det innan 24.4.2018.

Kommunane i Hallingdal har gjennom satsinga til m.a. Hallingdal Kraftnett og Hemsedal Energi medverka til ei omfattande breibandutbygging i Hallingdal.

For 2018 er det aktuelt å søke om statleg finansiering for å etablere nye fiberforbindelsar til innbyggarar og næringsliv spreidd i heile Hallingdal, som ikkje har tilfredsstillande breibandtilknyting. Dette kan og gjelde område med eit eksisterande breibandtilbod, men der det er låg kapasitet. Det blir lagt vekt på lokal medfinansiering og kostnadseffektiv utbygging.

Det vil kunne gjevast støtte til husstandar som manglar grunnleggjande breibandsdekning med minimum 10 Mbit/s. I tillegg kan det søkjast om tilskot til område med hastigheit i område 10 - 30 Mbit/s.

Meir informasjon her: https://www.nkom.no/aktuelt/nyheter/nye-retningslinjer-for-st%C3%B8tte-til-bredb%C3%A5ndsutbygging

Det er i utgangspunktet vurdert å prioritere desse områda i 2018:

FLÅ

-          Stavn        

NES 

-          Svenkerud
-          Bromma

GOL

-          Øygardane inkl Robru

HEMSEDAL

-          Eikre

Ål

-          Sando
HOL

-          Hagafoss - Kvisla

 Frist for innspel er 24.april  og innspela skal sendast på e-post til regionraadet@hallingdal.no og merkast "Høyring fiberutbygging". Eventuelle spørsmål kan rettes til kommunane sin samarbeidspart som er Regionrådet for Hallingdal, www.regionraadet.no, tlf. 32 08 51 40.

test