LIVSKVALITET HALLINGDAL,LANSERING RESULTAT INNBYGGJARUNDERSØKING

I dag vart resultat frå innbyggjarundersøking om livskvalitet presentert.I samarbeid med Helsedirektoratet, Folkehelseinstituttet og Statistisk sentralbyrå har Regionrådet for Hallingdal gjennomført ein pilot i norsk samanheng, når det gjeld måling av livskvalitet.

lansering resultat Livskvalitet innbyggjarundersøkingI mange land, også i Norge, har det vakse fram ei erkjenning om at me har for liten kunnskap om kva som gjev liva våre verdi, om livskvaliteten for den einskilde. Koss har du det?

Kva er det som gjev livsglede og oppleving av meining?

Det er på nasjonalt nivå utarbeidd ei spørjeundersøking for å kartleggja livskvalitet, der Hallingdal har vore ein pilot. Regionrådet ser dette som ei mogelegheit til å få betre kunnskap, for å kunne gjera gode grep for den framtidige regionale utviklinga i Hallingdal. 

Vel 4000 hallingar hadde mogelegheit til å vera med i spørjeundersøkinga, Koss har du det?

Statistisk sentralbyrå har gjennomført undersøkinga og resultata vart presentert i dag. 

Resultata skal analyserast vidare før det blir trekt klare konklusjonar. Men noko av hovudtrekka er at personer i alder 47-66 år og 67 år og over har ein høgare generell livskvalitet, enn dei yngre i alder 18-26 og 27-46 år. Denne forskjellen synest innan dei fleste områda som er undersøkt.

Etter at resultata er nærare vurdert vil kommunane i Hallingdal og Regionrådet for Hallingdal kunne nytte resultata som gode verktøy i samband med planlegging og utvikling av Hallingdal. 

Helsedirektoratet har som målsetting at innbyggjarundersøking om livskvalitet skal gjennomførast i heile landet, dette vil også gje mogelegheit for samanlikning med andre regionar og kommunar.

Lenke til rapport

test