SATS PÅ HALLINGDAL

Vidareutvikle reiselivet og skape eit breidare og meir robust næringsgrunnlag.

Hallingdal er hardt ramma av koronaepidemien, med stor arbeidsledighet og press på arbeidsplassar og bedrifter. Sjølv om den internasjonale turismen blir forventa å ta seg opp att, har pandemien synleggjort Hallingdals einsidige avhengigheit av reiselivsnæringa.
Hallingdalsregionen er med andre ord sårbar, det er ynskje om å vidareutvikle reiselivet og skape eit breidare og meir robust næringsgrunnlag.

Med bakgrunn i dette søkte Hallingdalsregionen Viken fylkeskommune om omstillingsstatus.
Viken fylkeskommune vedtok i mars 2021 å gje Hallingdal omstillingsstatus for ei periode på tre år. Omstillingsstatus skal bidra til å vitalisere og forsterke næringsutviklingsarbeidet i regionen.
Fylkeskommunen har trødd til og finansiert det treårige prosjektet med to millionar kvart år. I desse dagar blir det lyst ut stilling som prosjektleiar.

Men like viktig er det å få med lokalt næringsliv og politisk miljø.
Det er i ferd med å bli sett ned ei styringsgruppe for prosjektet, der alle seks ordførarane i Hallingdal er med. I tillegg vil ein ha med tre representantar for næringslivet, der dagleg leiar Roger Espeli ved Vestlia Resort på Geilo, er ein av dei.

Målet er at arbeidet skal munne ut i ein handlingsplan der ein ser heile regionen under eitt. Det siste er viktig fordi Hallingdal er ein tydeleg bu- og arbeidsregion, fordi reiselivet jobbar aktivt for å bli ein berekraftig reiselivsregion og fordi kommunane har ganske likt utfordringsbilete og tett samarbeid frå før. 

Innovasjonsselskapet Proneo AS er innleigd for å bistå Regionrådet for Hallingdal i arbeidet med å leggje grunnlaget for denne fleirårige satsinga på næringsutvikling.

test